Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Sherpatrappene til Kvanndalsstølen må opplevast!

24. juni var det storstilt opning av sherpatrappene i Kvanndal, eit omfattande prosjekt som «Venelaget for stølsvegen i Kvanndal» har jobba med sidan 2019.

Publisert: 16. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
Nyheter
Sherpatrappene til Kvanndalsstølen må opplevast! Foto:

Stølsstien, som har vore der sidan 1600-talet, har dei siste fire åra fått heile 1800 trappetrinn, bygd av dyktige sherpaer frå Khunde i Nepal. Stien mellom Kvanndal og Rong er den 17. etappen av Bergensstien, og på den offisielle opninga av trappene gjekk eg denne makalause turen for fyrste gong. 

Kom og sit deg på skuldrene mine og bli med på turen! 

Største merkedag sidan 1940

Leiar i Venelaget, Vigdis Reisæter, held tale for dagen! Foto: Richard Jacobsen

 

Eg møter over hundre forventningsfulle menneske i Kvanndal som skal ta del i det som truleg er den største merkedagen i bygda sidan ferjene tok til å gå i 1940. Ålvik Musikklag set tonen for dagen og Vigdis Reisæter, leiar i Venelaget, snakkar varmt om prosjektet før me går i samla tropp mot starten av trappene. Det er idyllisk frå fyrste steg på stien. Kring oss er det frodig og eirgrønt, langsmed stien renn Kvanndalselvi fritt nedover dalen. 

Snorklypping ved Tveite

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Solvang, opna sherpatreppene i Kvanndal. Foto: Richard Jacobsen.

 

Ved Tveite er det duka for høgtideleg opning og generalsekretær i DNT, Dag Terje Solvang, gjer seg klar for snorklypping. Han pratar høgt og fengjande, orda flyt og forsamlinga er lydhøyre. Han omtalar stien som eit kinderegg av ei oppleving og vektlegg kulturminnebevaring, tryggleik og dugnadsvilje. For arbeidet som er lagt ned i denne stien er verkeleg formidabel, ikkje berre av sherpaene, men også av eldsjeler som har sytt for finansiering, vedlikehaldsarbeid og koordinering av prosjektet. Eg ser på Oddvar Drevsjø i forsamlinga, og sender han eit varmt blikk. Bautaen i Voss Utferdslag er ein av desse eldsjelene som har lagt ned mykje arbeid, til stor glede for oss alle. 

Ein meter på tur, er ein meter vekk frå helsetenesta! Foto: Richard Jacobsen

 

Attende til Solvang. No er han verkeleg i siget. Folkehelse er neste stikkord og me spissar øyrene. Han fortel på engasjerande vis om kor viktig det er å gjera stiar tilgjengelege og trygge. Så kjem det finaste sitatet eg har høyrd på lenge: - «Ein meter på tur, er ein meter vekk frå helsetenesta». Det går rett inn i sjela. Det skildrar det viktige arbeidet slike prosjekt står får. 

Opp, opp, opp! 

1800 trappetrinn til Kvanndalsstølen! Foto: Richard Jacobsen

 

Etter snorklyppinga byrjar det gode slitet. Nokre tel trinna oppover, andre angrar på at dei ikkje tok med meir vatn på turen. Praten går og hjarta slår.  Ved Haugane har me lagt bak oss om lag ein tredjedel av trappene. Servering av flatbrød, spekemat og rjome kombinert med nydeleg utsikt ut fjorden mot Utne, gjev ny energi for etappen til Kvanndalsstølen.

Bønneflagga representerer himmelen, vind, eld, vatn og jord. Når du ser flagga er du nesten på toppen! Foto: Richard Jacobsen. 

 

Sveitten renn og det riv godt i muskulaturen. Å leggja stein på stein får ei ny tyding - eg er djupt imponert over handverket. Mot toppen av trappene ser eg bønneflagga mellom trea: Blått for himmelen, kvitt for vinden, raudt for eld, grøn for vatn og gult for jorda.  I balansen mellom dei fem elementa skal me få god helse og harmoni. Eg stoppar opp mellom flagga og kjenner på takksemd for all gleda naturen gjev meg. 

Ei perle på toppen

Etter heile 1800 trappetrinn får eg verkeleg løn for strevet – Kvanndalsstølen er rett og slett ei perle. Stølstunet, som ligg på 600 m.o.h., byr på nydeleg utsikt mot Oksen. Eg legg meg ned på bakken ved stølstunet, nyt sumaren og varmen frå sola. 

Me nyt utsikta mot Kinsarvik og fossane i Husedalen. Foto: Richard Jacobsen.

 

Etter ein lang pust i bakken går me vidare på den T-merka stien mot Rong. Det tek ikkje lang tid før det vert ny pause og meir undring. Me kikkar mot Sørfjorden og Kinsarvik. Fossane i Husedalen er store og mektige, sjølv på over 20 km avstand. 

Frå Tveitevatni går det leikande lett, her er det kupert terreng og svært lettgått sti. Me ser mot Herdabreia i vest og bort mot stien frå Folkedal til Rong i aust. Det er fascinerande å tenkja på at Heilag Olav kom med skip inn Hardangerfjorden til Folkedal og gjekk til fots mot Voss i desse fjella for 1000 år sidan. 

Brått ser me Gjellestølen og Allmenningane. 


Brått ser me Gjellestølen og Allmenningane, der bilen står parkert. Eg går nedover lia og vurderer kva eg skal gjera resten av ettermiddagen. Planen var å gå vidare til Voss via Veskre og Grønahorgi, men etter ein lang indre debatt konkluderer eg med at det får bli ein annan gong. I dag var inntrykka store – hovudet har ikkje plass til meir.  


 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag