Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt og nyheter

Flott tur i vakkert haustver i Aurdalsåsen

Etter to utsetjingar på grunn av dårleg ver, gjennomførte seniorgruppa fotturen til Fjellenden via Kringlestølen i strålande haustver tysdag 17. september.

Publisert: 23. september 2024
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Framme på Fjellenden Foto: Bjørn Vegar Johnsen

5 påmelde turdeltakarar, ein hund og to turleiarar starta turen frå bommen ved Storstølen. Der frå gjekk vi først på grusveg og sidan på turstigen mot Bjørgovarden fram til Kringlestølen. Denne stølen ligg svært idyllisk til og eignar seg for ein god pause før turen vidare opp i fjellet mot Bjørgovarden eller som denne turen mot Fjellenden.

Rast på Kringlestølen Foto Bjørn Vegard Johnsen

Etter pausen ved Kringlestølen følgde vi stigen svakt opp og nordover mot Storstølknatten 1124 moh. Der frå følgde vi stigen over mot Fjellstølfjellet, men sparte dei to toppane der til tilbaketuren. Fjellenden 1145 moh er nest høgaste punktet på Aurdalsåsen. Berre Binnhøvdknatten på 1165 moh er høgare. Den meir kjende Bjørgovarden er nr. tre i rekkja med sine 1138 moh.

Utsikt  mot Synnfjellet og Djuptjernskampen Foto Bjørn Vegard Johnsen

 Fjellenden var målet for turen. Her er det i fint ver utsikt i alle retningar. Berre fjellmassivet ved Bjørgovarden reduserer utsynet den vegen. På denne turen vart veret svært fint og utsikta svært god. Vi hadde utsikt til nesten alle fjella i Valdres, vi såg mange fjell i Hemsedal, langt bortover mot Hardangervidda, mykje av Jotunheimen, Langsua, Synnfjellet og kanskje vi skimta Rondane aller lengst borte.  Sikteskiva her informerer godt for dei som er interesserte.

Utsikt mot Mellane med Binnhøvdknatten fremst Foto Bjørn Vegard Johnsen

Tilbaketuren la vi om dei to toppane på Fjellstølfjellet. I søkket før siste oppstigninga hjelpte vi to turgåarar å finna den lettaste vegen ned frå fjellet. Dei blei ved oss til Storstølsknatten der vi viste dei beste leia ned. 

Stigen ned mot Storstølen har nokre svært våte parti. Elles var stigen overraskande tørr trass det kraftige regnet dagen før.

Vel framme ved bilane hadde vi ei kort evaluering av turen. Alle let vel og var godt fornøgde. Dette er ein tur som vi kan anbefala andre. Det er mange stigar og flott utsikt mange stader. 

Takk til turdeltakarane for triveleg tur og triveleg samver.

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Ester Christensen

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem