Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Fottur

Eg gjekk ein tur på stien

«Eg gjekk ein tur på stien» er et 4-årig prosjekt som skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle. DNT Sogn og Fjordane er prosjektleiar for prosjektet - Prosjektet er støttet av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Nyheter

Fyrste tildelingsrunde
Inspirasjon

Fyrste tildelingsrunde

DNT Sogn og Fjordane vedtok i styremøtet 1. november tildeling av midlar til fem prosjekt som hadde søkt støtte gjennom Eg gjekk ein tur på stien. I den fyrste tildelingsrunden vart det delt ut 1,3 millionar kroner fordelt på tre kommunar. Neste søknadsfrist er 15. februar 2025.

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane
Eg gjekk ein tur på stien Inspirasjon
 

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Inspirasjon - Gode eksemplar på tidligare turstiprosjekt
Inspirasjon
 

Inspirasjon - Gode eksemplar på tidligare turstiprosjekt

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ønskjer å vere ein aktiv pådrivar i arbeidet med å legge til rette for bulyst, trivsel og folkehelse i Sogn og Fjordane.

Stiftinga har difor tatt initiativ til prosjektet ‘Eg gjekk ein tur på stien’. Prosjektet skal bidra til å utvikle infrastruktur for friluftsliv i vårt område, slik at Sogn og Fjordane vidareutviklar sin posisjon som ein attraktiv region for dei som allereie bur her og potensielle tilflyttarar. 


Stiftinga vil stille midlar til rådvelde for DNT Sogn og Fjordane for å få gjennomført prosjektet.

Logo Sparebankstiftinga        

Om prosjektet

«Eg gjekk ein tur på stien» er eit fire-årig prosjekt som skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle. 

Prosjektet er leidd av DNT Sogn og Fjordane og støttet av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

I løpet av ein fire-årig periode er det eit mål å:

  • Utbetre, utvikle og vedlikehalde prioriterte turruter som stimulerer til auka kvardagsaktivitet i lokalmiljøa. Her under vil merking og skilting, samt nødvendige sikringstiltak av rutene inngå.
  • Utbetre, utvikle eller etablere nokre utvalde godt tilgjengelege turruter i nærmiljøet

Les meir om prosjektet i prosjektbeskrivelsen her

 

Kva tiltak inngår i prosjektet?

Prosjektet legg opp til at alle kommunar i Sogn og Fjordane kan utvikle sine turruter.

Prioritering av kva rute(r) ein ynskjer å utvikle vert ei oppgåve for Lokal Prosjektgruppe. Dette kan vere etablerte turruter som ein vil utbetre, utvikle eller nye stiprosjekt. 

Det er i prosjektet også øyremerkt eigne midlar til nokre utvalde prosjekt der ein jobbar med godt tilgjengelege turruter, som gjer det mogeleg også for personar med funksjonsvariasjonar å drive friluftsliv.

Ein prosjektsøknad kan innehalde ein eller fleir turruter.

Prosjektet skal fyrst og fremst prioritere turruter som motiverer og stimulerer til auka kvardagsfriluftsliv og bidra til at befolkninga i Sogn og Fjordane har sikre og lett tilgjengelege turruter i sine nærmiljø. Prosjektet prioriterer ikkje turruter som er direkte retta mot turistar, likevel kan nokre av rutene ha en positiv sideeffekt for turismen i lokalmiljøa.

Godt tilgjengelege turruter

Det er i prosjektet også øyremerkt eigne midlar til nokre utvalde prosjekt der ein jobbar med godt tilgjengelege turruter, som gjer det mogeleg også for personar med funksjonsvariasjonar å drive friluftsliv. Prosjekter som søkjer på midlar til godt tilgjengelege stier kan dermed utløyse ein tilleggsløyving utvoer grunnbeløpet. 

Godt tilgjengeleg er ein kategori som inneber at ei ferdselsåre er betre tilgjengeleg for menneske med funksjonsnedsetjingar enn det kravet til grøn gradering tilseier, men likevel ikkje slik at krava til universell utforming fullt ut er vareteken. Tilgjengelegheita skal vera beskriven i Kartverkets turrutebase og i andre informasjonsmateriell slik at brukaren kan vurdera eigne moglegheiter til å bruka ferdselsåra.

Dvs at den må:

  • Gå på asfalt, grus, skogsveier og/eller gode stier
  • Ha stor grad av opparbeiding som gir god framkommelighet
  • Ha fast og jevnt underlag uten store hindringer eller kryssing av bekk
    ha moderate stigninger og ingen bratte partier
  • Og har turinformasjon som beskriver tilgjengelighet (tekst og bilder)

På UT.no stiller de krav om at det skal stå noe om følgende punktene i turinformasjon:

  • Underlag
  • Stigning og tverrfall
  • Bredde
  • Høydeforskjeller / trinn
  • Hindringer (bom, grind, bro osv.)
  • Ledelinje / føringskant
  • Toalett
  • Parkering / transport
  • Hvileplasser (benker osv.)
  • Skilting, merking og infotavler 
  • Belysning 
  • Evt. sesongvariasjoner 

Sjå mer om kravene på UT.no her: Godt tilgjengelige turforslag – UT.no - hjelp og brukerstøtte

Søknader til kategorien 'godt tilgjengelige turruter'


Ved søknad av tilleggsløyve til godt tilgjengelege turruter må prosjektsøknaden svare på samme punkt som andre søknader (sjå Søknad og rapportering), samt kva tiltak som planleggeast for å gjere stien godt tilgjengelig. Noter i søknadsskjema at det søkast om tilleggsløyve for kategorien "godt tilgjengelege stier"

Retningslinjer

Finansiering

Kvar kommune kan søkje om et grunnbeløp på 500.000 kr. I tillegg kan ein søkja om tilleggsløyving basert på behovet til prosjektet. 

Det er i prosjektet også øyremerkt eigne midlar til nokre utvalde prosjekt der ein jobbar med godt tilgjengelege turruter. Det er mogleg å søkje på disse midlene utenom grunnbeløpet.

Midlar frå Sparebankstiftinga kan ikkje fullfinansiere prosjekta, det er eit krav at den lokale prosjektgruppe stiller med egne midlar og/eller andre gåvemidlar. Prosjekta bør kvalifisere til spelemiddelsordninga. Dugnad kan utgjere ein del av finansieringa med ein timepris på: 435 kr.

Det oppmodast til spleiselag omlag etter denne fordelinga: 

  • 1/3 frå Sparebankstiftinga 
  • 1/3 spelemidlar, 
  • 1/3 dugnad og private/offentlege bidrag

Det kan søkjast om annan finansieringsmodell, men bidrag frå Sparebankstiftinga vil normalt ikkje overstige 33 % av prosjektet sin totalsum.

Det er ikkje mogleg å nytta midlane til lønn

Kven kan søke?

Midlane i prosjektet er øyremerka lokale prosjektgrupper beståande av lokallag i DNT Sogn og Fjordane og representantar frå kommunane.

I prosjektet er det lagt opp til  kommunen er lokal prosjekteigar og står som søkar av prosjektmidlane. Det tilrådast at de lokale prosjektgruppene i tillegg består av representantar frå andre frivillige organisasjonar t.d. idrettslag, representantar frå lokale grunneigarar som vert rørt av prosjektet, og andre aktuelle aktørar. 

Søknad

Lokale prosjektgrupper søkjer om midlar ved å sende inn ein søknad formulert som ein prosjektplan, der ein gjer greie for prosjektorganissering, finansiering og korleis ein vil jobbe for å imøtekomma prosjektets føremål.

Sjå krav til innhold i søknaden under.

Søknad sendes til turpaastien@dnt.no

Neste søknadsfrist er 15. februar 2025

Søknaden må innehalde følgjande:

  • Budsjett som gjer greie for kostnader og finansiering – fyll inn eigen mal: Søknadsskjema og budsjettmal
  • Dokumentasjon på at tiltaket inngår i en vedteken kommunal plan
  • Beskriving av turruta;
    • Skal det etableres ny sti eller forlenge/utvikle/oppgradere allereie eksisterande sti
    • Hvilke tiltak vil de gjere på ruta
    • Kvar skal turruta ligge geografisk? Kort beskriving, gjerne med gnr./bnr.  Legg ved manuell innteikning av turruta på kart og gjerne link til ruta på Ut.no
    • Rutebeskrivelse (lengde, type tur (A-B/rundtur) mm.
    • Gradering ihht. Merkehandboka
    • Beskriving av eksisterande merking 
  • Utgreiing om korleis stiutviklingsprosjektet er vurdert med omsyn til hovedmåla i prosjektplanen - sjå retningslinjer for tildeling av midlar
    • Folkehelse og bulyst
    • Berekraft
    • Frivilligheit og auka kompetanse
    • Tryggleik
  • Utgreiing om korleis prosjektet er vurdert med omsyn til Veilederen for Natur og miljøvurderinger av ruter og turmål. Eller eventuell annen utgreiing av korleis punktene i vegleiaren er ivaretatt.  
  • Skriftleg grunneigaravtale
  • Vedlikehaldsplan og kven som har ansvar for fremtidig vedlikehald
  • Når er det planlagt oppstart av prosjektet
  • Når er det planlagt fullføring av prosjektet

Søknader til 'godt tilgjengelige turruter'

Ved søknad av tilleggsøyving til "godt tilgjengelege turrutar" må det i tillegg til punktene over gjerast greie for kva tiltak som planleggast for å gjere stien godt tilgjengelig. Sjå info om godt tilgjengelige stier.

 

Rapportering

Det er krav til årleg rapportering og endlig sluttrapportering frå lokale prosjektgrupper. Det skal sluttrapporterast i samme skjema som søknadsskjema.

Ved ferdigstilling av prosjektet ønsker vi en kort rapport på tiltaket som er utført saman med rekneskapsrapport. I rapporteringa må det vises til korleis stien synleggjerast for befolkninga gjennom t.d. Ut.no og på kartdatabasar.

Innmelding lokal prosjektgruppe

For lokale prosjektgrupper som ønksjer å sende inn søknad seinare enn 1. oktober er det mogleg å melde inn lokal prosjektgruppe for å bli kontaktet om kurs og seminar som haldes i regi av prosjektet.

Fyll inn skjema og send til turpaastien@dnt.no

Viktige ressursar

Inspirasjon

Under finder ein gode eksempelplanar på tidligare stiprosjekt. Planane kan brukes som inspirasjon for planlegging og utarbeiding av nye sti prosjekt

Folkestien i Sørbøvåg

Tursti Austerdalen

Tursti Bondhusdalen

Tursti Kreklingen - Skåsheim

Ønskjer du å vere med på dugnad?

Ønskjer du å vere med på dugnad og bidra med frivillig innsats i prosjekt kan du ta kontakt med prosjektleiar Gry Thyrrestrup på gry.thyrrestrup@dnt.no så kan hun hjelpe deg med å komme i kontakt med den lokale prosjektgruppen i din kommune.

Kontakt

E-post mottak for søknad og rapportering

turpaastien@dnt.no

Prosjektkoordinator

Gry Thyrrestrup
DNT Sogn og Fjordane
gry.thyrrestrup@dnt.no
90 20 06 38

Fagressursar - Sentral prosjektgruppe

DNT Sogn og Fjordane
Eirik Thue
F.o.m. 1.1.2025

Sparebankstiftinga  
Yngve Thorsen
yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no
90802575

Kompetanse regelverk og nasjonalparker
Tor Arne Hauge
t-arneh@online.no
90192471

Kompetanse kommunal regelverk, grunneigaravtaler og godt tilgjengelege turruter
Jørgen Hundset
jorgen.hundseth@gmail.com
95083638

Kompetanse offentleg forvaltning
Jarle Aarvoll
aarvoll@hotmail.com 
90822420

Kompetanse spelemidlar og offentleg forvaltning
Anders Søyland
anders.soyland@vlfk.no
40427671

Kompetanse kommunal forvaltning 
Anders Espeseth
anders.espeset@kinn.kommune.no
95227275

Kompetanse grunneierforhold
Gry Ingvild Agjeld
leiar@vestlandbondelag.no
90 50 21 84

 

 

 

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem